Pengar er ikkje drivkrafta, men skaparvilje og interesse.
Egil Jørgensen

Det må skje noko, ellers blir Egil Viker Jørgensen rastlaus. Det har bla resultert i at han er involvert i ei rekkje serveringsstader som hobby, spelar i band og har starta...

Byguten som blei bygdepatriot

Byguten som blei bygdepatriot

Det må skje noko, ellers blir Egil Viker Jørgensen rastlaus. Det har bla resultert i at han er involvert i ei rekkje serveringsstader som hobby, spelar i band og har starta...

Husarbeid gjer han derimot ikkje. Det tek kona Linda Stølås Jørgensen seg av. 

– Ikkje fordi eg ikkje vil, men eg har så mykje anna å gjera på. Hagen er derimot mitt ansvar. Eg har ein skikkelig arbeidshage, ikkje mange blomar og store bed. Her er det mest frukttrær, bærbuskar, og ein plen på 800 kvadratmeter. Det tek halvannan til to timar berre å klippa plenen, så eg har kjøpt robotklippar, seier Jørgensen.

Han vaks opp og budde i Drammen til han var 17 år. Å bli kokk var yrkesmålet, og byguten drog til Vestlia Hotell på Geilo som kokkelærling. Han hadde ikkje tenkt å flytta på landet etter læretida var over, men så traff han ei frå Etne som var lærling på samme hotellet. 

– Det tok vel eit år før eg oppdaga at eg såg på Linda som noko meir enn ein kollega. Dei vi jobba saman med ga oss maks eit år før vi kom til å skilja lag. Men eg hadde funne kvinna i mitt liv, og neste år har vi 25-års bryllaupsdag. Ho er fantastisk, og eg vonar vi får minst 25 år til saman, seier Egil.

Dei flytta til Etne i 1991. Der vart Egil, berre 21 år gammal, tilsett som kjøkkensjef på Etne Hotell med ansvar for mykje anna enn kjøkkenet og. Ganske kjapt kom dottera Christine til verda, og fire år seinare Aase Marie. I mellomtida overtok Egil og Linda Sandeid kafé. 

Det var i Sandeid at interessa for gitarspeling kom til overflata. Han vart fascinert av ein kjenning som trass i at han var hardt ramma av Bechtrevs klarte å spela gitar.

– Eg var 25 år første gong eg tok i ein gitar. Han lærte meg nokre grep, og eg brukte dei til å spela ved kjøkkenbordet heime. Svigerfar Knut, som har spela i danseband i mange år, lærte meg etter kvart meir. Han lurte meg med på ein spelejobb. Eg skulle vera selskap, bera utstyr og kora litt. Då var det gjort, ler Egil.

Etter kvart overtok Egil spelejobbane, og det var mange helger på vegen i tillegg til full jobb. Med underhaldningsmusikk, som han kallar det. Musikk som folk kan dansa og synga til. Gjerne blues, rock´n roll og swing frå 60- og 70-talet. Framleis spelar han til dans innimellom, men langt sjeldnare enn før. Det var dette med å ha tid til alt.

 – Eg var med i trioen Uthuset, og vi hadde det kjekt både på øvingar om torsdagane på Joakari og ein del spelejobbar. Så kom velferdskoordinator i Westcon , Liv-Kari Bødtker og spurte om eg ikkje kunne få til noko for dei som jobbar der. Både fast tilsette og dei som var inne på prosjekt. Måndagskveldane blei sett av til øvingar, og det kom fem-seks personar kvar gong. Men øving både måndag og torsdag vart for mykje, og det enda med fusjonen No Direction. Der er vi sju mann frå 26 til snart 70 år som øver på Joakari kvar måndag og har det himla gøy. Innimellom spelar vi og til dans, sier Egil.

Egil har ein finger med i spelet i ei rekkje firma som driv med mat og servering i ulike former. Her er lista over roller i næringslivet:

Dagleg leiar i Catering Partner AS i Ølensvåg. Dagleg leiar og styreleiar i Spiseri Partner DA i Ølen. Dagleg leiar og styremedlem i Ølen Holding AS. Styreleiar i Catering Service AS i Odda. Styreleiar i Pizza Time Drift ASV i Ølen. Styremedlem i Joakari AS i Ølen. Styremedlem i Rodin AS i Etne. Styremedlem i Innkjøp Markedsføring og Salgskjede AS på Bønes

Mat, musikk og tid til ein god prat, er noko som Egil har tatt med i konseptet for serveringsstadane han har involvert seg i Ølen, Etne og Odda i tillegg til Sandeid: «Mat prat bar». Med på laget har han Tom-Jøran Johnsen. Johnsen var tidligare sjefen til Egil i Catering Partner, no medeigar, kollega og god ven med felles motorinteresse. Det siste kjem vi tilbake til.

– Eg er blitt ein skikkelig bygdepatriot. Å få til møtestadar der det skjer noko i bygdene har eg vore opptatt av lenge. No er vi komen så langt at Tom-Jøran har det som levebrød. Eg er framleis med på hobbybasis og har ikkje tatt ut ei krone for arbeidet eg legg ned. Pengar er ikkje drivkrafta, men skaparvilje og interesse. Lønna mi får eg frå Catering Partner, og innimellom går delar av den med til å dekka utgifter andre stadar. Det hender at eg går litt lei, men eg synest det er så viktig at det skjer noko i bygdene våre at eg ikkje får til å gje opp, seier Egil.

Samstundes som han innrømmer at han både har vore skuffa og litt flau undervegs. Mellom anna når gode artistar som trekkjer fleire tusen andre stader, møter fem betalande i Ølen. Då hjelper det å ha trua på at dette skal ein få til. Etter kvart har denne trua blitt omsett i at stadig fleire brukar Joakari, Rodin og Smelthuset i Odda.

Heldigvis har eg den evna at eg ikkje blir stressa. Verken på jobb eller i høve til det Tom-Jøran og eg driv med. Eller andre ting for den saks skuld. Det hender at eg kan vera litt på etterskot, men det tar eg inn i løpet av veka, smiler Egil.

Men nokre gonger finn ein at det er ting som er viktigare å ta seg tid til enn andre. Familien var i ein periode avlastningsheim for ein gut. Han var seks år første gong dei møttest.

– Å ta hand om barn som har det vanskeleg er krevande og givande på same tid. Du må ha eit trygt liv og ting i orden sjølv. Er det på plass, kan i utgangspunktet dei fleste bidra, og det er alltid born som treng hjelp og ein heim i kortare eller lengre periodar. For oss var det heilt rett då, og lønna er å vita at ein har hjelpt eit ungt menneske vidare i livet, sier Egil.

Han har langt dårlegare samvit for å ha vore mykje vekke under deler av oppveksten til døtrene. 

– Eg har snakka med dei om det, og spurt korleis det påverka dei. Svaret var at dei aldri har tenkt over at eg var mykje vekke. Eg vonar at det betyr at dei opplevde at eg var til stades for dei når eg var heime, sier han ettertenksamt. 

 Det er svært sjeldan at Egil seier nei. Og om ikkje nokon spør, tek han gjerne fatt i ting andre ikkje har funne løysingar på. Som Etne & Vindafjord Motorklubb.

Egil Jørgensen byrja ikkje å spela gitar før han var 25 år. Etter det har det blitt mange gitarar, og no har han ei samling på nesten 100 gitarar og andre instrument. Dei finn du mellom anna på veggene på JoaKari i Ølen.

– Eg vaks opp med turar og veteranbilløp i bestefar sin Chevrolet 1933-modell. Det var stor stas, og seinare arva eg bilen. For meg som vaksen vart bilen for gammaldags. Den var nesten som å kjøra hest og slede på styringa. Dermed vart bilen ståande på lager i 15 år før eg fann ut «alt til si tid» og selde den til ein som verkeleg brann og gløda for bilen, sier Egil. 

Etter ein lang tenkepause, enda han opp med å kjøpa ein -72 Lincoln. Eit svært oljeflak, men med langt betre kjørekomfort. 

Berre for å ha sagt det: eg kan ikkje skru og er heilt avhengig av hjelp til alt. I motsetnad til ein del andre, innrømmer eg at eg må kjøpa mekketenester. 

– Eg trur ikkje at alle kan så mykje om mekking som dei gir inntrykk av, seier han og ler godt.

Då oljeflaket var på plass i garasjen, fann han ut det hadde vore kjekt å dela interessa med likesinna. Det var tidligare gjort forsøk på å stifta ein motorklubb, men ein vart ikkje einige om kriteriene for å vera med. Dette kan ikkje være så vanskelig å få stell på, tenkte Egil, og samla tre andre motorinteresserte kjenningar: Tom-Jøran Johnsen (kjører Harley), Torstein «Mr. Cadillac» Børve og Terje Jacobsen.

Me ville at det skulle væra ein motorklubb for meir enn berre amcar-interesserte. Så me stifta Etne & Vindafjord Motorklubb og laga enkle kriterium. Det viktigaste er at du kan bli medlem om du har eit kjøretøy utanom det vanlige. Det kan væra på både to og fire hjul. Frå 1933 eller ein helt ny bil, og alle som har lyst kan være støttemedlemmer, fortel Egil.

I løpet av knappe to år er det blitt vel 50 betalande medlemmer, og Facebook-gruppa har rundt 250 medlemmer. Fatland sitt gamle grisehus på Vaka er med stor dugnadsinnsats i ferd med å bli eit flott klubbhus med mekkehall og lagerhall. Og klubben har allereie årlig arrangert to store motortreff.

– Eg er like dårlig handverkar som eg er til å mekka, så mitt dugnadsbidrag har vore å organisera, bruka mitt store kontaktnett og skaffa sponsorer, fortel Egil.

Han likar at ting er organisert. På nokre område litt meir enn normalt, seier dei som kjenner han godt.

– Eg har nok litt tvangsprega tendensar. Interiøret i huset er kona sitt ansvar, og eg legg meg ikkje mykje borti det. Men ein del ting må ligga eller stå på bestemte måtar. Til dømes dei seks stolane til spisebordet. Er dei flytta på, flyttar eg dei tilbake. Og plenen lukar eg med fingrane slik at det ikkje skal bli synlege hakk. Det kunne nok ha utvikla seg til galskap, men heldigvis klarar eg å skru av om eg bestemmer meg for det. Og korleis det ser ut i andre sine hus bryr eg meg ikkje om, forsikrar Egil med eit smil.

Ein annan ting han har organisert, er den store cognac- og brennevinsamlinga si. Det blei gjort etter at døtrene flytta heimanfrå og det vart plass til å laga bar.

– Samlinga er godt sikra. Kroppen min toler ikkje mykje alkohol, og eg har ikkje tid til å gå rundt å vera fyllesjuk med alt det eg skal gjera i løpet av dagen. Så samlinga er ganske intakt. Det einaste unntaket for inntak er når eg er i varmare strok. Då tåler eg av ein eller annen grunn meir, fortel Egil.

Han og Linda likar å reisa og prøver å komma seg til Syden to-tre gonger i året. Då slår også unntak to inn.

– Eg er eigentleg ikkje glad i regnvêr og vinter og må lada opp med sol og varme innimellom. Når eg reiser vekk, får eg stort sett fred for jobbtelefonar og andre telefonar. Då slappar eg heilt av og kan flata ut på ei solseng og gjera ingenting i timesvis. Vi har snakka om å kjøpa oss hus på den spanske solkysten når vi vert pensjonistar. No har eg berre eit krav, og det er at hotellet ligg ved stranda. Blir det hus, må det vera med hage slik at eg har litt å gjera på.

I høve sølvbryllaupet tjuvstartar dei feiringa og tar med den næraste familien på cruise i Karibien i februar neste år. 

– Når er sjølve bryllupsdagen?

– 20. oktober. Trur eg. Håper i alle fall det er riktig, seier Egil og ler hjarteleg.

Tekst
Ellen Marie Hagevik, Medvind24
Foto
Mikkel Meister

Sjå også desse sakene