I arbeidslivet vil du bli sett på prøve og i mange yrke må ein levera både fysisk og psykisk.
Morten Østenstad - dagleg leiar MX-Sport Ølen

Val av utdanning er ikkje alltid like lett, og tanken på kva ein skal jobba med varierer ofte frå ein er ung og til ein har nokre år bak seg i yrkeslivet. Erfaringane ein tek med seg undervegs i arbeid og utdanning er med å bygge ein brei kompetanse.

Får i ulveklær

Får i ulveklær

Val av utdanning er ikkje alltid like lett, og tanken på kva ein skal jobba med varierer ofte frå ein er ung og til ein har nokre år bak seg i yrkeslivet. Erfaringane ein tek med seg undervegs i arbeid og utdanning er med å bygge ein brei kompetanse.

Morten Østenstad (31) meiner eit godt råd til dagens unge er å bygga seg ryggrad, og å oppsøka ny kunnskap og erfaring.– I arbeidslivet vil du bli sett på prøve og i mange yrke må ein levera både fysisk og psykisk. Sjølv er han glad for erfaringa han hadde frå tida som avsløysar frå han var 14–20 år.

– Den erfaringa har hjelpt meg mykje. Særleg då eg fekk tilbod om å prøve meg offshore på borerigg rett etter vidaregåande skule. Eg var ikkje førebudd på kva som venta meg då eg vart kasta inn i heilt nye forhold i Nordsjøen. Det var berre å brette opp armane for både tungt og hardt arbeid i boreavdelinga.

– Ein måtte bevise at ein var verdt jobben. Alle ville sette deg på prøve. Take it or leave it. Boreriggen han starta på var ikkje av dei mest moderne, så her var det mykje manuelt arbeid og med 12–timars skift var det berre å stå på til tre om natta i minusgrader. Men det var ein sjans ein fekk dengong, då det var oppgangstider i oljebransjen.

Etterkvart vart det tilbod om fast jobb i Transocean og via selskapet fekk han dekka utdanning i petroleumsteknikk og gjekk gradene i systemet. I ein femårsperiode reiste han og rundt og underviste bedrifter og organisasjonar i petroleumsbransjen i friperiodane. Han følgjer framleis med og noterer seg produksjonsstart på felt der han i ung alder var med å planta fyrste hol på offshoreblokker.

Fram til 2011 budde han saman med kona Mari Vestbø i Stavanger. I 2012 blei han far for fyrste gong. – Eg hadde verdas beste jobb, men kjende allereie då at eg ønskte å prioritera annleis som småbarnsfar. Han lengta etter å vera meir på land, og starta på deltidsstudier i Økonomi og ledelse i 2014. I 2015 flytta familien inn i nytt hus på Roa i Ølen og året etter vart Østenstad ein av fleire som vart råka av nedskjeringane i selskapet han jobba for.

Då jobben som dagleg leiar ved MX–Sport dukka opp, var det ei ny utfordring han var klar for å ta fatt på. Han definerer seg som konkurransemann og let seg inspirere av å bli utfordra. Samstundes som han stiller høge krav til seg sjølv krev han innsats av dei rundt seg.

– Eg merkar godt om nokon har ein indre vilje. For tida har han to skuleelevar med på laget i butikken på Ølen Senter. Dei er fantastisk flinke, understrekar han.

Mange har klare mål for kva dei vil bli og jobbe med, men for meg var det litt tilfeldig, fortel Marianne B. Vassnes, som i dag jobbar som marknadskoordinator i Vakt og Alarm i Etne. Då ho skulle byrja å studere i 2004 stod det mellom journalistikk og sjukepleie i Stavanger. Tilfeldigheiter gjorde at ho ikkje kom inn på journalistikk, og difor byrja ho på sjukepleiarutdanninga.

–Sjølv om eg ikkje var sikker på at det var sjukepleiar eg ville bli, syns eg det var det godt å byrja på eit studie.

– Mange kan stresse med å finne ut kva dei skal bli. Dei stressar med mål og meining, men det er ikkje krise om ein ikkje veit dette når ein er 17–18 år. Det ordnar seg som regel.

Marianne B. Vassnes - marknadskoordinator i Vakt og Alarm

Etter avslutta studier i 2007 jobba ho både på nyfødtavdelinga på Haugesund Sjukehus og på sjukeheim i Vindafjord, før ho i 2012 starta i Vakt og Alarm i Etne.

– I teorien har sjukepleiarutdanninga mi lite med stillinga eg no har å gjere. Det er litt «potetyrke» der eg jobbar med mange forskjellige oppgåver. Eg gjer mellom anna ein del kontorarbeid, følger opp både eksisterande og nye kunder, fakturerer, jobbar med anbud, reiser, presenterer oss på messer og stand, er i møter med kunder og koordinerer arbeidet vårt mot marknaden.

Vakt og Alarm leverer velferdsteknologi som trygghetsalarmar, sensorteknologi og responssentertjenestar til heimebaserte tenestar og institusjonar. I år lanserte dei Respons24 som er eit nytt samhandlingsverktøy for velferdsteknologi.

–Mange av dei som brukar og drifter tenestene våre er helsepersonell som jobbar på for eksempel sjukeheim eller i heimetenesta – det har berre vore ein fordel at eg har erfaring frå dei miljøa teknologien vår skal fungere i.

Ho fortel vidare at det opnar ein del dører å anten ha fagbrev eller høgare utdanning. Utdanning i botn gir moglegheit for noko meir.

–Sjølv om eg ikkje var heilt sikker på at eg skulle bli sjukepleiar, så er eg glad for å ha fullført studiet.

Eit råd på vegen når du skal tenka utdanning er å laga deg ei plattform. Uansett kva plattform du har, så har du noko å falla tilbake på, svarar Asbjørn Aarekol (53) på spørsmålet om kva råd han vil gje ungdom i dag. Valet du tek vil alltid ha ein verdi, uansett kva jobb du havnar i.

Du har lært deg verkty for korleis du kan reflektera og du vil vera i stand til å kunne handtera ulike utfordringar. Likevel er det ein kvalitet Aarekol dreg fram: Har du ordet i di makt og skrivekunnskap kjem du langt.

Han er tilbake på lensmannskontoret i Vindafjord i Ølen etter fleire år i det private næringslivet.  arekol fortel at han har hive seg på sjansar som har bydd seg oppigjennom åra. Han er av den rastlause typen og er ikkje redd for ei fysisk utfordring. På veg til jobb som politivakt for VM i sykkel i Bergen, sat han og vurderte om han i 2018 anten skal sykla Trondheim-Oslo eller delta i Iron Man.

– Tanken om å bli politi har alltid vore med meg. Likevel har han i løpet av si yrkeskarriere vore innom både landbruk, salsarbeid i Arrow Norway (tidlegare Hatteland Electronics) i tillegg til 3,5 år som dagleg leiar ved MCE i Etne. I tillegg til politijobben er han i dag «hjelpesmann » i strategi for systembruk for Haugaland bygg & betong i Ølensvåg. Som politi har ein høve til å kunne forflytte seg rundt om i heile landet om ein ønskjer det.

Han dreg fram det å vera nøyaktig og til å stola på er viktige essensielle eigenskapar i dei ulike jobbane han har hatt. Det med å møta opp, vera punktleg heng nok og i ryggmargen frå eg var liten, smiler han.

Eit anna godt råd til unge kan vera å tenka på er at ein aldri veit kor ein møter folk att og at ein oppfører seg deretter. Han viser til ei erfaring frå tida som politi då ein ung gut som ein fuktig kveld stakk hovudet ut av eit bilvindu og rekte fing før han ropte «jævla politi». I neste jobbrolle Aarekol hadde, dukka vedkomande opp som jobbsøkar.

– Eg kunne jo ikkje la vera å nemna det for han, smiler Aarekol.

Tekst
Astrid Eidhammer Hjelmeland, Filter
Foto
Svein Egil Økland

Sjå også desse sakene