– Å gå med ein gründer i magen kan trygt samanliknast med å vera ein toppidrettsutøvar. Du må ha den eigenskapen at du vil meistra og vinna.
Roy Martin Øyjord

– Å gå med ein gründer i magen kan trygt samanliknast med å vera ein toppidrettsutøvar. Du må ha den eigenskapen at du vil meistra og vinna.

Går for Gull

Går for Gull

– Å gå med ein gründer i magen kan trygt samanliknast med å vera ein toppidrettsutøvar. Du må ha den eigenskapen at du vil meistra og vinna.

Lokala heime på tunet på Sørstrondo i Etne sto ferdige hausten 2013 og var i utgangspunktet tenkt for foredling av vilt, som Øyjord har drive med i mange år. Det har han måtte slutte med og i staden er det arbeidet foredling av Skakkelaksen som tek all plasskapasitet. Draumen er å byggja ei nytt og større bygg og han har alltid augene opne for nye lokasjonar.Etterspurnaden etter røykelaksen frå Etne har skote fart, og berre sidan 2013 har Øyjord opplevd ei markant auke. Medan han i 2013 produserte og selde rundt tre tonn røykelaks auka etterspurnaden såpass i 2014 at han ved årsslutt kunne visa til eit sal på 12 tonn.Kundane er spreidd primært på Haugalandet. I tillegg leverer han til Odda, Sauda, Stord, og Stavanger. I november fekk avtale med Helgø Meny og leveranse til fjorten butikkar. I tillegg til den vakumpakka skakkelaksen produserer Øyjord årleg eit mindre opplag av spekelaks. Denne sel han førebels mest på messer og han er førebels ikkje tilgjengeleg i daglegvarebutikkar.

Då han i 2004 starta med røyking av laks som hobby i eit lite røykerom bak huset, ana han lite om retninga dette ville ta. Namnet Skakkelaks kom i samband med den fransk-norske Nicolas Mahé de Berdouaré si lansering av cognacen Skakke i 2010. Her såg Øyjord raskt eit potensiale for eit godt produkt og eit godt merkevare. Sidan den gong har cognacen vore nøkkelingrediensen i marinaden til røykelaksen. Og litt cognac går det med i produksjonen hjå Øyjord, som fortel at han brukar omlag 100 flasker med edle franske dråpar til produksjon av ti tonn laks. Då er det greit å ha direkteavtale med produsenten.

Av og til set hendingar i livet djupe spor. Dei kan og påverka vidare vegval i livet både i positiv og negativ lei. For Øyjord er det ei hending i livet som har gitt han ekstra styrke og pågangsmot. «Du kan berre slutta på skulen, for deg vil det uansett ikkje bli noko av». Utsagnet kom frå ein autoritet i skulen og som sette spor i eit tenåringssinn. Sterke ord slik han minnest det og såpass skammeleg at han inntil nyleg har halde denne konfrontasjonen for seg sjølv.  —Eg har hatt ein driv i meg til ikkje å gje vedkomande rett i dette, fortel han. Den dag i dag let eg meg inspirera ytterlegare dersom nokon er skeptiske til ideane mine. Øyjord sleit med lese- og skrivevanskar i skulen, medan dei kreative og skapande faga appellerte til eleven. Men det var det ikkje den gong rom for, og det blei med niårig skulegang for Øyjord.

Etter ulike kurs tok han etter militærtenesten utdanning som sveisar. Men for ei rastlaus og kreativ sjel med hovudet fullt av idear, vart dette for monotont. I 1990 etablerte Øyjord firmaet Vakt og Alarm saman med Jan Vinje. I løpet av dei elleve åra dei dreiv saman bygde dei opp ein marknad for sal av eigen norskprodusert tryggingsalarm. I tillegg kom Øyjord over eit agentur på nøkkelhandteringssystem for eldreomsorg via eit firma i Halden. Dei meinte potensialet for meirsal var umogleg og at marknaden var sprengd med åtte kommunar som kundar. Det var stikkorda for Øyjord til å satsa. — Når dei meinte det ikkje var mogleg, ville jo eg sjølvsagt prøva, smiler han lurt. I dag leverer Arcus Vita, som Øyjord òg er eigar av, nøkkelbok-sar til 250 kommunar.

Prosessen frå Roy Martin Øyjord får ferdige filetar til Skakkelaksen er klar for butikkhyllene tek i snitt ei veke.

— Men det held ikkje berre med ein driv, sjølv om det er viktig, understrekar Øyjord. Det er utruleg mykje papir og byråkrati å halda styr på for ein som eigentleg berre vil skapa noko. Ofte blir tida for knapp sjølv om arbeidskapasiteten er tilstades. Han er glad for å ha dottera Camilla, med hotellfagleg utdanning, som sitt intelligente alibi. Ho har tatt seg av mykje av papirarbeid knytt til godkjenning hjå Mattilsynet for meg. Dette er tidkrevande arbeid.

Det beste rådet Øyjord vil gi ein som vurderer å starta for seg sjølv er å invitera 5 vener på monopolspeling ein gong i veka i ti veker. Klarar du å slå dei fem gonger kan du starta opp, smiler han. Dette spelet er ifølgje Øyjord noko av det mest kreative spelet som finst. Her må ein jobba etter intuisjon og vera i nuet og å ha lyst å ta sjansar, fortel han engasjert.For ein gründer er det òg viktig å vera klar over at du sjølv er den største utfordringa. Som grunder må ein stilla seg spørsmålet; Har eg dei nød-vendige eigenskapane som skal til for å få dette til?. Åtte av ti som startar opp med mat driv berre nokre år før dei gir opp, og det er få som lukkast.— Når ein går for gull bør ein heller eit trappetrinn om gangen, enn heisen rett til topps. Då kan fallhøgda bli stor, avsluttar han.

Tekst
Astrid Eidhammer Hjelmeland, Filter
Foto
Mikkel Meister

Sjå også desse sakene