Norsk Maskinformidling AS i Ølen bidreg til at norske bedrifter lettare kan omstille seg, samstundes som dei viser at berekraft kan vere god butikk.
– Det heile er ein god historie på korleis me kan få ut meir av dei maskinane som finst.
Aleksander Stople fortel engasjert om gravemaskina dei kjøpte av eit firma i Trøndelag. Maskina var utdatert for entreprenøren og stod først på lager hjå dei i Ølen ei stund. Etter kvart kom ein førespurnad frå rederiet Eagle offshore. Dei hadde kjøpt opp ein eldre båt som hadde gått som supply-båt i Nordsjøen. No skulle den byggast om til å kunne drive miljø- og geoundersøkingar på havbotn. Båten skulle utstyrast med eit moon pool (luke i golvet på dekk) som dei kunne heise utstyr opp og ned av. Til det trengte dei ei maskin som kunne operere på dekk. Gravemaskina skulle få ei ny rolle. Den vart bygd om og tilpassa for å handtere røyr og anna utstyr, og er i dag i full bruk.
– Den har fått forlenga levetid og ingenting er betre enn det, fortel Stople. Hadde dei sett om bord ei ny maskin, ville den sannsynlegvis ikkje hatt lenger levetid enn denne som er brukt, då maskina skal brukast i hardt miljø, kor korrosjon vil øydelegge den før den er oppbrukt elles.
Bedrifta i Ølen har bygd opp ei blomstrande bedrift basert på ein sirkulær tankegang gjennom reparasjon, oppgradering og gjenbruk av maskinar. Å bidra til større sirkulasjon i marknaden ser dei på som gunstig både for ein konkurstruga bransje, samt klima og miljø.
Historia om gravemaskina skulle også vere eit godt døme på kva fleire norske bygg- og anleggsbedrifter står i no.
– Den trønderske bedrifta me kjøpte gravemaskina av, møtte stadig utfordringar med nye krav til maskinar og teknisk utstyr. Som hjå mange andre, er det dyrt å vere liten eller mellomstor aktør når det stadig kjem nye krav i offentlege anbod. Fleire må kaste inn handkledet då dei ikkje har råd til investere i nytt utstyr i det tempoet som krevst. Bedrifta er i dag konkurs, og det er diverre ikkje unikt.
Konkursnivået i bygg- og anleggsbransjen var i september 2024 femten prosent høgare enn same månad i 2023. Over 1000 selskap innan bygg- og anleggsbransjen står i fare for å gå konkurs det neste året. Dette viser nye tal frå data- og analysefirmaet Dun&- Bradstreet. Høgare kostnadar og krav til modernisering, vert peika på som nokre av årsakene.
– Nye maskinar er kapitalkrevjande. Me ser at bransjen i større og større grad går over til utstyrspoolar og leasing av dei maskinane dei treng. Tidlegare gjekk entreprenørane etter dei tilboda som passa maskin- og utstyrsparken dei hadde. I dag er målet at dei i større grad skal leige inn det dei treng, når dei treng det. Her ønskjer me å vere ein god samarbeidspartnar.
Å sørge for større sirkulasjon av maskinar i marknaden, og at alle ikkje treng å eige alt, resulterte også i Bærekraftprisen 2023. Prisen vert delt ut av Haugesund sparebank.
– Det har ikkje vore ein konkret plan å vinne prisen, men det var veldig kjekt. Me har sett bærekraftperspektivet i det me gjer, men det er ikkje gitt at andre ser det. Samstundes er denne kabalen med at ting blir fasa ut og krav til nye maskinar vert heva, ikkje alltid berekraftig. Av og til er det ikkje rett at maskinar blir fasa ut, andre gonger er det, – men ein må følgje offentlege krav.
Dei er klåre på at berekraft må gå hand i hand med lønnsamheit, for at ein skal få til varige endringar.
– Utan lønnsamheit får du korte prosessar. Me kan drive med berekraft på mange måtar utan at det blir lønnsamt. Men skal du får til større endringar, må det vere økonomisk gevinst. Ingenting er berekraftig utan at det er lønnsamt.
– Det er det som ofte er litt vanskeleg, understrekar han.
– Det er enkelt å sjå isolert på klima- og miljøtiltak, men samstundes er det ofte feilen. Når det er isolert, får ein mindre volum. Klarar du å få til ein sirkulasjon der meir heng saman, kan ein få til større bevegelsar. Me står i ei spanande tid der heile samfunnet skal gå i same retning, og då går det an å gjere butikk av det samstundes som du får til store endringar.
Forretningsmodellen har vist seg å bere frukter. Per i dag er det ni engasjerte ved bedrifta i Ølen og eit nytt selskap er på veg. Truck Norge er registrert og køyrer snart ut tenestene sine, der føremålet er kjøp, sal og utleige av truckar til kundar over heile Noreg.
Det er ingen tvil om at framtidsoptimismen er høg på kontoret i Ølen og på spørsmål om kor dei får energi og stå-på-vilje frå, er svaret enkelt.
– Stå opp og stå på. Eg trur livet er så enkelt at om du står opp, står på, og har noko som driv deg, blir livet bra, smiler Stople.