Sjå Tempomagasina
Nils Einar Steinstø overtar etter Asbjørn Moe

Ny dagleg leiar i Fikse Næringsforening

Nils Einar Steinstø overtar som dagleg leiar i Fikse Næringsforening etter Asbjørn Moe, som 1. juli sluttar etter 10 år i stillinga.

- Etter ein god prosess med fleire interessante søkjarar er me nå svært nøgd med å ha fått Nils Einar med på laget i Fikse Næringsforeing. Han skal få lov til å bli betre kjent med dei lokale bedriftene først, men han har eigenskapar me er sikker på vil bidra til å vidare utvikling av både oss som næringsforening og næringslivet me jobbar for, seier styreleiar Sindre Matre.

Steinstø har utdanning innan både ingeniør- og hotellfag og har solid leiarerfaring frå små og store selskap. Han har god kjennskap til det offentlege virkemiddelapparatet, og sit blant anna i Advisory board reiseliv i Innovasjon Norge. Steinstø kjem nå frå stillinga som Global Sales director med ansvar for 90 hotell i gruppa av First Hotels, X-Meetingpoint og Moxy X by Marriot.

- Eg ser fram til å jobba med og for næringslivet i Etne og Vindafjord, som eg kjenner litt til frå før og har følgd på avstand i alle år. Eg er imponert over kva ein får til her, og gler meg til å bli med på vegen vidare, seier Nils Einar Steinstø.

Steinstø byrjar i stillinga 1. august.

For meir info:
Styreleiar Sindre Matre| sindre@arrivashipping.no | 90115890
Nils Einar Steinstø | 97577193

Tekst
Foto
FAKTA

For meir info:
Styreleiar Sindre Matre| sindre@arrivashipping.no | 90115890
Nils Einar Steinstø | 97577193

Les også:
Nav ikon
Alle saker