Sjå Tempomagasina
Åge Skinstad deltar på årets NæringsGIV på Olalia. Foto: Thomas Søndergaard/Play the Game

NæringsGIV 10 år — med unik bedriftsprofilering

Torsdag 22. mai går NæringsGIV av stabelen for tiande gong. Som vanleg står eit spanande program på menyen, i tillegg kan næringslivet i år profilere seg langs den naturskjønne løypa til Olalia.

Olalia har dei siste åra blitt ein fast ramme for NæringsGIV, og i år blir det eit ekstra spesielt arrangement. Ikkje berre er det 10-årsjubileum, men no får bedriftene også ein stor sjanse til å vise seg fram litt ekstra.

— I år gir me dykk ei heilt ny moglegheit, skriv arrangørane, Fikse Næringsforeining, Medvind Næringshage og Grannar, i invitasjonen.

Profilering langs løypa

I tillegg til fagleg innhald og nettverksbygging, kan bedrifter no få ein plass langs den om lag fem kilometer lange løypa innover fjellet. Her kan dei vise fram produkt, tenester eller konsept for deltakarane som går løypa.

Bedrifter som ønsker å delta, må melde seg på innan 22. april. Deltaking er gratis, men det er førehandspåmelding for å organisere plasseringane langs løypa.  

— Dette er ein unik sjanse til å møte andre aktørar, knyte kontaktar og synleggjere bedrifta di på ein annleis og inspirerande arena, står det vidare i invitasjonen.

Besøk og mimring

Programmet for NæringsGIV 2025 vil også by på innlegg frå kjende namn innan næringslivet. Åge Skinstad vil dele si innsikt i prestasjonskultur og leiarskap, medan Helene Frihammer, som er regiondirektør i NHO, også kjem på besøk. Ho vil dele sine tankar om næringslivet.

Les programmet her.

I tillegg får deltakarane høyre korleis næringsprisvinnrane frå 2015 har utvikla seg dei siste ti åra.

— Gjennom inspirerande innlegg, erfaringsdeling og gode samtalar ønskjer me å gi næringslivet eit godt, nyttig og viktig avbrekk frå ein elles hektisk kvardag, seier Lauareid.

— Inspirasjon, gode historier og fagleg påfyll

— Det er stort å kunne markere 10 år med NæringsGIV! Dette har blitt ein viktig møteplass for næringslivet i Etne og Vindafjord, og i år ønskjer me å feire med inspirasjon, gode historier og fagleg påfyll, seier leiar for Fikse Næringsforening, Anette Lauareid om årets NæringsGIV.

Arrangementet har som hensikt å blant anna gi bedriftene ein unik moglegheit til å treffe på dei ulike aktørane innanfor næringslivet i Etne og Vindafjord.  

Lauareid poengterer at Olalia er ein flott stad å halde arrangementet.

— Her kan me kombinere fagleg innhald med gode samtalar i naturskjønne omgjevnadar. Me gler oss til å samle næringslivet til ein dag med refleksjon, læring og feiring!

Meld deg på NæringsGIV 2025 her.

Tekst
Jonas Sandsgård, Omega 365 Design
Foto
Thomas Søndergaard/Play the Game
FAKTA
Les også:
Nav ikon
Alle saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.